Problemet mitt er bare at jeg ikke aner hvilke jeg skal levere inn...De fleste er enten for groteske, for teite eller for dårlige:P Kan jo levere mer enn en, men ikke en hel haug heller. Hvor går grensen på hva man kan skrive egentlig?
La meg ta et eksempel, en kort novelle jeg skrev første året på vidergående:
Vatn, drukn meg?
Kutt. Brenn. Kutt. Brenn.
Halsen snørar seg saman, lufta forsvinn.
Ho stressar. Spring rundt i huset etter passande våpen. Våpen mot seg sjølv. Ho stoppar opp og tenkjer nokre sekundar, veit ho bør stoppe opp enda lengre, men klarer ikkje.
Ho finn det. Søkk ned på golvet og sukkar høgt. Ho høyrar musikk. Anten i hovudet eller frå stereoanlegget. Ho veit ikkje heilt, men ho bryr seg ikkje.
Stressnivået når toppen. Ho kuttar. Ein gong for skulen. Ein gong for mora som er sjuk. Ein gong for den håplause verda. Alle gongane for seg sjølv.
Endorfinene lausnar. Spreiar seg ut i kroppen hennar. Ho ler i takt med blodet som flyt. Føler ein ekstrem lette og glede. Ho kuttar igjen, djupare denne gongen. Smerta får ho til å føle seg meir levande enn på lenge. Blodet renn, friskt og raudt. Ho blir svimmel, lenar hovudet mot veggen, lukker auga og smiler. Lukke.
Den finns kanskje likevel.
- Vakn opp!
Morgon, og ein meir jævlig følelse finns ikkje. Alle forheng blir dratt frå. Alle brotsverk avdekka. Det er sumar. Det er varmt. Det er glede. Det er små toppar og korte skjørt.
Ho drar seg opp av senga. Seier til seg sjølv at denne dagen blir betre enn gårsdagen. Føler seg kvalm og distansert. Spegelen er i dårlig humør og parfymen luktar dritt.
Ho geipar til bevisa etter nattens ugjerningar. Lange, raude striper og stivna blod.
Får lyst til å rive dei sakte opp, men klarer å la vere.
Ho hoppar i dusjen. Kjennar det renne nedover. Det svir når det treffer såra. Blodresta symjar ned i sluket saman med vatnet.
Ho klinar på sminke. Sleng på seg kler som er altfor varme i varmen.
Om ein månad er sumaren komen for fullt, men då skal ho slutte. Det skal ho, heilt sikkert.
Ho går opp. Sleng på seg sekken og spring ut. Mora står igjen og hylar at ho må ete. Ho et ikkje. Ikkje faen.
- Eg treng litt vatn.
Læraren ser litt overraska ut, men let ho gå.
Læraren ser fornøgd ut då ho kjem tilbake igjen. - Trur verkelig det vatnet fekk liv i deg, seier han og humrar. Ho smiler bekreftande.
Det dunkar i hovudet hennar. Læraren kjeftar for at ho ikkje følgjar med. Ho seier ho skal ta seg saman. Men kjenner vatnet kome som ei flodbølgje. Det slukar ho opp og lar kroppen gå på autopilot.
Heime igjen. Badet eller senga, ho klarer ikkje bestemme seg. Ho veljar kjøkenet. Ho tømmer skapa. Jaktar på usunn mat. Ikkje fordi ho vil ha, men fordi ho berre må.
Ho dreg ut tre kjekspakkar og riv dei opp. Kjeksa går fort ned. Ho kjenner seg meir og meir kvalm, men klarer ikkje slutte. Det endar som alltid. Ho spring for å tømme seg.
Klarer ikkje la vere å merka seg kniven. Den ligg der og fristar. Fortel ho kor dum ho er.
Kutt. Kutt. Kutt. Kutt. Kutt.
Det blør meir enn vanleg. Ho hikstar og pressar papir mot armen.
Lovar seg sjølv at dette er siste gongen. Aller siste gongen.
Ho stupar i seng. Søv til kveldstid. Gløymer at leksene skal gjeres.
Så dum. Ho er så dum. Ho veit alle tenker ho er dum. I alle fall om dei kjende ho slik ho kjende seg sjølv. Ho fokuserar på skjermen. Leser dei same orda opp igjen og opp igjen. Høyrer foreldra skrike over hovudet. Dei skrik om ho. Det er derfor dei skrik, det veit ho. Det har ho fått høyre.
Ho pustar tyngre, halsen snørar seg saman. Vatnet kjem.
Det trekk inn i lungene hennar.
Ho slukner.
Skal man sensurere seg, eller går sånne ting helt greit? Vil jo ikke risikere at læreren blir bekymra heller. Samtidig er vi jo faktisk "voksne", så vi kan vel skrive hva vi vil. Nå føler jeg ikke akkurat den der er så bra, men var bare for å ta et eksempel. Aner som sagt ikke hva jeg skal levere.
Sykepleieren var jo her idag. Det gikk som forventet. Overlevde. Skal til psykologen imorgen for å snakke om eventuelt innleggelse på den klinikken. Jeg er skeptisk, men går jo an å prøve.
Har lagt på meg litt og føler meg bare dritt og ekkel egentlig. Venninna mi ringte idag, det gikk greit med henne. Hun ville møte meg en dag. Jeg orker ikke, skjønner ikke hvordan jeg kan gå ut en gang sånn jeg ser ut. Vil aller mest av alt holde meg i leiligheten til jeg har gått ned endel. Men jeg må på skolen.
Fått trimsykkelen til mamma ut her nå da! Det er herlig å kunne trene litt igjen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar